Mørke fargar trekkjer til seg varme, og lyse fargar sender varmen vekk, skriv Ung.Forskning.no. Når sola skin på eit lyst tak, blir noko av solvarmen sendt tilbake til verdsrommet.
I New York har folk byrja å måla taka sine kvite. Det gjer bygningane kaldare. Ein studie viste at dei kvite taka vart seks grader kaldare enn før dei vart mala. Kvit måling hjelper litt, men det aller viktigaste er å kutta utslepp, ifølgje forskarane.
– Det aller beste hadde vore om me slutta å forureina, seier klimaforskar Helene Muri til Ung.Forskning.no.
Når me prøver å kjøla ned kloden med teknologi, blir det kalla geofiksing.
– Geofiksing betyr å bruka teknologi for å bremsa den globale oppvarminga, seier Muri.
Nokre idear handlar om å senda støv eller gass opp i lufta, som ein slags kjempe-solskjerm. I USA har forskarar laga den kvitaste målinga nokosinne. Den reflekterer nesten alt sollys.
– Lys måling kan minska bruk av aircondition, som igjen sparar oss for straum, seier Muri.
Så kvit måling kan ikkje redda kloden åleine – men han kan hjelpa litt.