På laurdag 14. juni gjekk ein militærparade gjennom gatene i Washington D.C. i USA. Paraden var arrangert for å feire at hæren fylte 250 år.
I tillegg var laurdag president Donald Trump sin 79-årsdag.
«No kings»
6. juni starta demonstrasjonar i Los Angeles. Sidan har dei spreidd seg til fleire statar i landet. Demonstrasjonane kjem frå misnøye med Trump-administrasjonen sin politikk.
Til laurdagen var det arrangert 2000 protestar over heile landet, ifølgje CNN. Dei rapporterte om at fleire titusen menneske tok til gatene under sjølve militærparaden.
Dei mange protestane på laurdag vart kalla «No kings», og skal vise til det demonstrantane meiner er Trump si misbruk av makt. Bodskapen til rørsla var «ingen troner, ingen kroner, ingen kongar».

Protestar sidan 6. juni
Eit viktig tema i demonstrasjonane handlar om deportasjon av personar som administrasjonen meiner er ulovlege immigrantar.
Å deportere nokon betyr at ein sender ein person ut av landet. Immigrantar er personar som har flytta frå eit anna land, til eit nytt. I USA har dei noko kalla «Green Card» (grønt kort) som gir personar lov til å bu i landet.
Dersom ein person er ein ulovleg immigrant, så har dei ikkje fått dette grøne kortet eller noko anna løyve til å opphalde seg i landet.
Ein markant person som sit i forvaring, er Mahmoud Khalil. Han har grønt kort i USA, men her kjempar styresmaktene for at han skal bli sendt ut. Han har sete i forvaring sidan mars. Grunna dette, har han gått glipp av fødselen til sitt første barn.

Første gong på 60 år
Helga før «No kings»-protesten, skreiv Trump under på ein ordre som sende 2 000 personar frå nasjonalgarden til ulike stader i Los Angeles. Ved å gjere dette, tok Trump makt frå staten California, og overstyrte statens guvernør, Gavin Newsom. Dette har ikkje blitt gjort av ein president sidan 1992, og dåverande guvernør ynskte hjelpa.
I tillegg sende Trump inn 700 soldatar frå marinen. Dette fekk Gavin Newsom til å reagere og skrive eit innlegg på X.

Det er første gong på 60 år at ein president har overstyrt og tatt kontrollen frå ein guvernør på denne måten.