Får du alltid same mønster på skrukkefingrane? Ja, seier forskarane!

Har du lagt merke til korleis fingertuppane dine blir skrukkete når du badar? Det skjer kvar gong du har hendene i vatn ei stund. Men visste du at rynkene blir nøyaktig like kvar einaste gong?

Forskaren Guy German forklarer kva som skjer til Ung.Forskning.no.

– Blodårar bevegar seg ganske lite i forhold til kvarandre. Det betyr at skrukkane held fram med å vere dei same kvar gong. Det har me no bevist.

Kvifor blir fingrane rynkete?

Det er lett å tru at huda blir skrukkete fordi ho trekkjer til seg vatn. Men det er faktisk feil. Huda skrumpar fordi blodårane trekkjer seg saman, og då blir rynkene danna.

Dette skjer berre på fingertuppane og under føtene, fordi huda er tjukkare der.

Testa med vatn og bilete

For å finna ut om mønsteret alltid er likt, lét forskarane folk halda hendene i vatn i 30 minutt. Så tok dei bilete. Neste dag gjorde dei det same igjen – og skrukkane såg heilt like ut.

Dei fann også at det blir lettare å halda i glatte ting når fingrane er rynkete. Til dømes klinkekuler i vatn. 
Men det hjelper ikkje når du skal halda på tørre ting.

Kan hjelpa politiet

Kva er grunnen til at forskarane bryr seg om å finne ut meir om skrukkete fingrar? Jo, det dei finn ut kan faktisk hjelpa politiet. Guy German seier til Ung.Forskning.no at det kanskje kan gjera det lettare å forstå fingeravtrykk. Far hans var nemleg politietterforskar, og han har derfor fingeravtrykk på hjernen, ifølgje han sjølv.