Prinsessa besøkte barnefestival i Tøyenparken

På laurdag deltok Høgvyrde Prinsesse Ingrid Alexandra på Miniøya i Tøyenparken.

Den 16 år gamle festivalen er laga for barn og unge. Her er det aldersgrense for kor gamal du kan vere. Faktisk er det slik at dersom du er over 16 år, så må du kome i følgje med eit barn. Men barn har lov til å ta med seg akkurat så mange vaksne som dei ønskjer.

Festivalen for barn har ein lang tradisjon med å ha barn som festivalsjefar. I år fall rolla på niåringane Ingeborg og Thelma.

– For Miniøya er det ein sjølvfølgje å ha barn som festivalsjefar. Vi lagar jo trass alt barnefestival, seier Laila Egerberg på heimesidene til festivalen. Ho er kunstnarisk leiar for Miniøya.

Kongeleg deltakar

I forkant av festivalen melde Det Kongelege Slottet at Høgvyrde Prinsesse Ingrid Alexandra ville kome og besøkje festivalen under laurdagsprogrammet.

MØTER FESTIVALSJEFANE: Høgvyrde Prinsesse Ingrid Alexandra handhelsar på festivalsjefane Thelma og Ingeborg då ho kjem til Tøyenparken. Foto: Helge Brekke

Då Prinsessa kom til festivalområdet, stod festivalsjefane klare for å vise ho rundt.

På scena under festivalen, spurde Thelma og Ingeborg kvifor Prinsessa takka ja til å kome.

– Eg er veldig glad i musikk, og tykkjer det er veldig gøy å vere på festival. Men eg har faktisk aldri vore på Miniøya før! Eg har gleda meg skikkeleg, svara Prinsessa til festivalsjefane.