Bør du dusja om morgonen eller kvelden? Ekspert meiner éi tid er best

Mange barn og vaksne liker å dusja. Nokon gjer det om morgonen for å vakna, andre gjer det om kvelden for å leggja seg reine og gode. Men kva seier forskarane?

Primrose Freestone er ekspert på bakteriar og jobbar ved eit universitet i England.

– Som mikrobiolog er eg ein forkjempar for morgondusjen, seier ho til NRK.

Når me søv, sveittar me. Det er heilt vanleg. Men bakteriar og støvmidd likar sveitte og døde hudceller. Dei kan samla seg i senga og gjera nokre allergiske eller sjuke. Derfor meiner Freestone at det er best å dusja om morgonen, så me får vaska bort sveitten før me tek på oss reine klede.

Og same kva tid du dusjar, seier ho:

– Du bør vaska sengetøyet minst éin gong i veka.

Ein annan forskar, Anne Spurkland, er lege og kan mykje om kroppen. Ho seier til NRK at mange dusjar for mykje.

– Det er jo heilt openbert at me dusjar altfor mykje. Det er ein moderne ting at ein kan dusja morgon og kveld og så lenge ein vil i herleg lunkent vatn med mykje såpe, seier ho.

Om ein dusjar for ofte, kan huda bli tørr og missa det naturlege feittlaget sitt. Spurkland seier at det held å bruka nøytral såpe der ein kan lukta vondt, og at det ikkje er nødvendig å dusja kvar dag.

Kva tid dusjar du?

Kva tid dusjar du?

Morgon.0
Kveld.0
Svar totalt: 0