Mista kontakt med norske aktivistar i Egypt

Aktivistorganisasjonen March to Gaza Norway har lagt på veg til Kairo i Egypt, og skulle vidare derifrå til Rafah, der blokkaden inn til Gaza er.

Målet for aktivistane er å leggje press på verdssamfunnet og få slutt på krigen mellom Israel og Palestina.

Det er rundt 1500 aktivistar frå Global March to Gaza som er på veg til, eller alt er i, Egypt no. Blant desse er 26 nordmenn. Det seier Susan Abdallah til NRK. Ho er kontaktperson for dei norske aktivistane.

Arrestert

Onsdag hadde Susan kontakt med to norske aktivistar som vart tekne inn til avhøyr. Dei har ho ikkje høyrt frå per torsdag morgon.

Torsdag morgon var det ti norske aktivistar som Susan ikkje lenger fekk kontakt med. To personar vart òg sende ut av Egypt med fly.

Må få tillating

For å kome inn i Rafah, melder utanriksdepartementet i Egypt at aktivistane må ha fått løyve gjennom å sende ein søknad.

Til NRK fortel Susan at dei norske aktivistane alle hadde fått visum, som betyr at dei kunne reise inn og opphalde seg i Egypt. Men dei hadde ikkje fått svar på søknaden om innreise til Rafah.

Utanriksdepartementet i Noreg er i kontakt med den norske ambassaden i Kairo. Det stadfestar dei i ein e-post til NRK.