Barneombodet lanserer barnebarometer

Cirka 1400 barn frå heile Noreg har svara på spørsmål om deira meininger.

Barneombodet
  • Starta opp i 1981
  • Barneombodet skal tale barnas sak
  • Barneombodet er éin person som får ha jobben i seks år
  • Mina Gerhardsen er noverande barneombod, og skal ha stillinga til 2030
  • Barneombodet har 19 tilsette som hjelp med å verne om barn sine rettar
LES FAKTALUKK FAKTA

Barnebarometeret er ei måling basert på svara til rundt 1400 barn. Barna som deltok var frå to aldersgrupper: 9 år og 12 år.

Det er Barneombodet i Noreg som har lagt til rette for denne spørjeundersøkinga. Målet er å finne ut kva som er viktig for barn i dag.

Få føler dei får vere med å bestemme

Spørsmåla som vart stilt handla mellom anna om rettferd, skule, fritid og trivsel.

Eitt av spørsmåla i undersøkinga var om du som barn opplever at du får vere med å bestemme i samfunnet.

Av alle som svarte, var det berre éin prosent som svarte at dei følte at meininga deira betydde noko heile tida, og 12 prosent følte at meininga deira betydde noko av og til. 59 prosent meinte at dei ikkje fekk vere med å bestemme i samfunnet.

Frukost med Jonas

Resultata og lanseringa av barnebarometeret var noko som Barneombodet ville markere.

På dagen 10. juni drog fire barn til statsministerbustaden for å ete frukost med statsminister Jonas Gahr Støre og barne- og familieminister Lene Vågslid.

Foreldre på skjerm

Barne- og familieminister Lene Vågslid (t.v.) mottek Barnebarometeret frå barneombod Mina Gerhardsen (t.h.). Foto: Barneombodet

Då Barneombodet forklarte om spørjeundersøkinga på si lansering, var Lene òg til stades. Ho snakka om funna i barnebarometeret som viser at barn tykkjer foreldre er for mykje på skjerm.

Heile 52 prosent meiner at foreldre bør ha reglar for skjermtid når dei er saman med barna sine.

Lene trekkjer fram råda om skjermbruk som kom frå Helsedirektoratet 5. juni, og seier at desse råda er veldig tydelege.

– Vaksne og foreldre må avgrense skjermbruken sin når dei skal vere i lag med ungane, seier ho.