Olive Taranger (11)

Kva bok synest du vart best som film?
– Harry Potter og Matilda. Eg las først bøkene, og så såg eg filmane. Eg hadde bilete i hovudet mitt, så det var gøy og fascinerande å sjå.
Viss du kunne velja ei bok som skulle bli film, kva bok ville du ha valt? – Dustedagbøkene. Det er fordi dei er veldig bra. Eg likar dei, og dei er morosame og populære. Det er bilete i dei, men eg vil ha ein film av dei.
Boka eller filmen først?
– Eg les boka først og likar å førestilla meg bilete.
Salomon Fagerbakke Valvatna (11)

Kva bok synest du vart best som film?
Charlie og sjokoladefabrikken. Det var mange detaljar og mykje morosamt og gøy som skjedde. Eg likte når Mike TV kom inn i TV-en, og så krympa han. TV-en var så liten at han ikkje fekk plass inni med heile kroppen.
Viss du kunne velja ei bok som skulle bli film, kva bok ville du ha valt?
– Gutta i trehuset. Det skjer mykje gøy der – det kunne vorte ein animasjonssuksess.
Boka eller filmen først?
– Eg likar å lesa boka først. Men av og til gjer eg det motsette.
Åshild Belsvik Andersson (10)

Kva bok synest du vart best som film?
– Harry Potter. Fordi karakterane har dei same eigenskapane som i boka. Det heng saman, og filmen liknar på boka.
Viss du kunne velja ei bok som skulle bli film, kva bok ville du ha valt?
– Eg kjem ikkje på noko.
Boka eller filmen først?
– Eg vil helst lesa boka først. Då veit eg litt om karakterane før eg ser filmen. Det er fleire små detaljar i bøkene, synest eg. Dei kjem ikkje alltid med i filmen.