– Ein vil som regel gjere det følelsane seier. Difor må vi byggje vidare på følelsane og det barna finn glede i når vi skal motivere til lesing, seier Tomas.
Han meiner at om ein tek utgangspunkt i det ein liker når ein skal finne lesestoff, skapar det glede og lyst til å lese meir.
Korleis finne leseglede?
- Tenk over kva du liker og interesserer deg for.
- Fortel skulebibliotekar eller bibliotekar på folkebibliotek kva du liker og be dei om å gi deg boktips.
- Sjå på bøkene du har fått anbefalt og sei til bibliotekaren om du synest det er for mykje tekst, for lite tekst, eller passe.
- Prøv å lese to eller tre bøker du vel deg ut.
- Mas på dei vaksne og be dei om å lese saman med deg.
- Mas på læraren og si at du vil ha høgtlesing i klassa.
TOMAS KINCK WOLD: Tomas er barne- og ungdomsbibliotekar på Deichman Bjørvika – det største biblioteket i Oslo. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken