Rådar til under 1,5 time skjermbruk om dagen

Helsedirektoratet har lagt fram ei oppmoding om kor mykje skjermtid barn og unge bør ha i fritida.

Råda frå Helsedirektoratet er på høyring fram til 5. oktober. Det vil seie at råda som kom 5. juni, kan endrast på etter høyringsperioden er over. Det melder Helsedirektoratet.

Målet med råda er at barn og unge skal klare å finne ein god balanse mellom skjermbruk og andre aktivitetar i fritida si.

Foreldre må òg avgrense skjermbruk

Råda frå Helsedirektoratet er som følgjer:

  • Barn under 2 år bør unngå skjerm
  • Barn mellom 2 og 5 år bør avgrense skjermbruk inntil 30 min til 1 time dagleg på fritida
  • Barn mellom 6 og 12 år bør avgrense skjermbruk inntil 1 til 1,5 time dagleg på fritida
  • Ungdom mellom 13 og 18 år bør avgrense skjermbruk inntil 1,5–3 timar dagleg på fritida

Men Helsedirektoratet er tydelege på ein ting: foreldre og føresette bør avgrense sin eigen bruk av skjerm i samvær med barna sine.

 

Kor mykje tid brukar du på skjerm på fritida?

Kor mykje tid brukar du på skjerm på fritida?

Under 1 time0
1 time0
1-2 timar0
2-3 timar0
Meir enn 3 timar0
Svar totalt: 0