5 grunnar til at leseglede er viktig

Tomas jobbar med å hjelpe barn og unge frå 0 til 12 år med å finne gleda med lesing. Å finne og oppleve leseglede meiner han er viktig av fleire grunnar.

1Ein lærer seg empati

– Når du les ei bok møter du karakterar som både tenkjer annleis og likt deg sjølv, seier Tomas.

Det å vere glad i å lese bøker, gjer at du får forståing for at menneske både kan vere forskjellige og ganske like ein sjølv, og at ein på denne måten kan få meir empati.

– BIBLIOTEKET ER DITT: Tomas rår barn og unge til å tenke på biblioteket som noko som er sitt eige og bruke det så mykje ein kan. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

2Ein lærer seg sjølv å kjenne

Eit anna resultat av leseglede er at det kan bli enklare å forstå seg sjølv, ifølgje Tomas.

– Kvar gong du les ei bok, les du om deg sjølv, til og med om forfattaren skriv om eit monster som bur på ein annan planet. Ved å lese ulike bøker, vil du finne ut kva du sjølv er god på, kva du sjølv tykkjer er vanskeleg, kva som gir glede, og så vidare.

3Ein får lettare tilgang på kunnskap

Kunnskap kan bli veldig mykje lettare å få om ein har leseglede.

– I staden for at det er kjedeleg å finne svar på det du lurer på, så blir det gøy og lett om du liker å lese, seier Tomas.

KRIM: Mange barn som liker spenning, les Jørn Lier Horst sine krimbøker for barn og unge. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

4Ein får tilgang på uendelege med underhaldning

– Å finne leseglede gjer at du kan ha det morosamt og få spennande opplevingar, seier Tomas.

Å like å lese gjer det mogleg å ha stunder som berre er for deg. Med lesing er det berre du som styrer showet. Du vel boka og kan stoppe, hoppe fram og bla tilbake akkurat som du vil.

5Ein lærer å forstå verda rundt seg

– Å trivast i og å skjønne verda, er ikkje noko som automatisk skjer av å lese, men ein treng leseglede og -evne for å gjere det, seier Tomas. For å skjønne kva som skjer i verda rundt deg og kunne delta i samfunnet, må du lese. Dette igjen fører til velfungerande samfunn med ytringsfridom og demokrati.