– ADHD og autisme har ofte vorte sett på som «gutediagnosar», noko som har ført til underoppdaging blant jenter, seier Heidi Aase, psykologspesialist og avdelingsleiar ved FHI til NRK.
No har forskarar blitt flinkare til å kjenna att teikna hos jenter også.
Diagnose betyr at ein får vite kva som er grunnen til at ein kjenner seg annleis eller har det vanskeleg.
Kva er autisme?
Autisme betyr at hjernen til ein person fungerer litt annleis enn hos andre. Det finst mange ulike måtar å ha autisme på, fordi alle er ulike.
Nokon har vanskar med å forstå korleis andre kjenner eller tenkjer, og synest det er vanskeleg å snakka eller vera saman med andre. Dei liker kanskje å gjera ting på same måte kvar gong, eller vera veldig oppteken av nokre bestemde ting.
Nokon med autisme kan reagera sterkare på lydar, lys eller berøring, medan andre merkar det mindre.
Autisme varer heile livet, men det er viktig å få hjelp tidleg så ein kan læra og ha det best mogleg.