Veit du kva du skal gjera viss du får eit sår?

Kutt og sår i huda skjer ofte, anten du ramlar av sykkelen, skjer deg på ein kniv eller kjem borti noko varmt. Ung.no har snakka med ein lege om kva som er lurt å gjera med sår, og når du bør dra til legen.

– Huda er det største organet til kroppen og vernar oss mot omverda. Når du får ein skade på huda, anten du skader deg, brenn deg eller blir biten, er denne barrieren brote. Derfor er det viktig å behandla sår i huda for å unngå at bakteriar kjem inn i såret. Då vil som regel huda gro fint tilbake, skriv legen til Ung.no.

Små sår og skadar er det mogleg å pleia sjølv. Då er det nokon ting du bør hugsa på.

Reine hender: Vask hendene dine godt før du tek på såret.

Stans blødinga: Trykk forsiktig på såret med ein rein klut eller bandasje. Du kan også halda såret høgt dersom det er mogleg, så vil blødinga stoppa fortare.

Reins såret: Mindre sår kan du skylja godt med vanleg drikkevatn. Viss såra kjem av at du har vorte biten eller fått kjemikaliar på huda, bør du skylja lenge. For skitne sår kan du bruka sårvask som Pyrisept eller Klorhexidin frå apoteket.

Dekk til såret: Bruk ein rein bandasje for å halda det reint og verna såret. Byt bandasjen om den blir våt eller skitten.

Kva gjer eg med såret mitt?

Er du usikker på kva du skal gjera med eit sår du har fått eller om det kan vera alvorleg? Ta kontakt med helsesjukepleiar, fastlegen din eller ring legevakta på 116 117.

Når bør eg kontakta lege?

Av og til treng sår medisinsk behandling. Du bør ta kontakt med lege viss:

  • Såret sprikar eller er langt. Då bør det ofte lukkast med strips eller sting.
  • Kuttet er djupt.
  • Blødinga ikkje stoppar etter ca. 20-30 minutt.
  • Såret og/eller området rundt blir raudt, hovent eller byrjar å gjera vondt. Det kan vera teikn på ein infeksjon.
  • Såret er frå ein skitten gjenstand eller eit bit.

Brannsår og etseskadar

Om du får noko varmt på huda, kan det skada huda. Kor djupt skaden går kjem an på kor varmt det var og kor lenge du brann deg. Brannsår blir gradert etter kor alvorlege dei er.

Grad 1: Dette er ein ein overflatisk brannskade. Då vil huda berre bli raud og gjera vondt.

Grad 2: Dette er ein djupare brannskade. Typiske teikn er blemmer, raudheit, smertar og at såra væsker.

Grad 3: Dette er ein endå djupare brannskade. Huda blir bleik eller svart og missa kjensla.

Grad 4: Dette er ein alvorleg brannskade, der det har vorte skade på musklar, sener og bein.

Grada av brannskade kan endra seg dei første dagane etter at skaden skjedde. Derfor er det viktig at du følgjer med.

Sterke kjemikaliar og etsande midlar kan gi skadar på huda på same måte som brannsår.

Kva gjer eg med brannsår?

Brannskade: Hald huda under lunkent rennande vatn i 20 minutt. Hugs 20/20 regelen: 20 grader vatn i 20 minutt.

Etseskade: Skyl lenge under rennande vatn for å få bort så mykje av stoffet som mogleg.

Dekk til: Legg på ein rein (steril) bandasje. Ikkje stikk hol på eventuelle blemmer sjølv. Det kan opna huda for bakteriar.

Når bør eg kontakta lege?

Nokre brannsår har behov for ekstra behandling og oppfølging. Derfor bør du ta kontakt med lege viss:

  • Brannskaden gir blemmer eller skadar på huda (grad 2-4).
  • Brannskaden er større enn handflata di.
  • Skaden er i ansiktet, på hender, kjønnsorganet eller i eit ledd.
  • Skaden kjem av straum eller kjemikaliar.

Sår kan vera irriterande, men med rett behandling vil dei fleste sår gro raskt og utan arr.