Olai Oftedal Flaaen
Alder: 9 år
Bur: I Bærum saman med mamma, pappa, veslebror og veslesøster
Fritidsaktivitetar: Speidaren og fotball
Interesser: Hoppe på trampoline, spele Minecraft, spele Pokémath og løyse mattestykkjer
Det var under Sommarles i fjor at Olai enda opp med å lese dei store mengdene bøker.
– Eg synest det er gøy å lese. Det er så spennande med dei ulike historiene i bøkene at eg berre vil lese meir og meir. Også er det gøy å få oversikt over, og poeng for, det eg les i Sommarles-appen.
Olai brukte sommaren på å lese kvar enn han var.
– På ferie, heime, inne, ute, i ein stol, i sofaen, på golvet, i ein båt, på stranda, på trampolinen, på do, i senga, ved frukostbordet, framfor peisen, i bilen – eg las kvar som helst.
Og lesegleda til Olai tok ikkje slutt etter sommarferien i fjor.

Meirsmak
Etter Sommarles 2024 syntest Olai det var så gøy å lese at han berre fortsette resten av året.
– No har eg lese alle bøkene vi har heime, så mamma har lova meg at vi kan begynne å dra til biblioteket ein gong i veka, seier han.
Sjølv om Olai har lese alt mogleg av bøker, synest han det er aller mest spennande å lese bøker om magi og utanomjordisk liv.
– Eg likar best fantasibøker, fordi eg synest det er morosamt med magi – at det ikkje er heilt vanlege ting som skjer.
I tillegg er han glad i humor-bøker, slik som forteljingane til Roald Dahl.

Lesesommaren 2025
9-åringen trur at han kjem til å lese endå meir enn i fjor under årets Sommarles, og funderer i om han kanskje klarer å kome seg gjennom 200 bøker.
– Eg vil jo ikkje lese mindre. Eg vil jo berre lese meir heilt til det ikkje er fleire bøker igjen. Da er eg kanskje 92 år.
– Kvifor tenkjer du at det er viktig å lese?
– Eg tenkjer ikkje at det er så viktig å lese, eigentleg. Det er berre gøy, og tida går så fort når eg forsvinn inn i historia i bøkene.

Boktips frå Olai

I løpet av sommaren i fjor las Olai mellom anna desse bøkene: Estragons historier, Kokotopia-serien, Harry Potter, Sapiens del 1 og 2 i teikneserieversjon, Nordlys-serien, Kaptein Supertruse, Donalds verdshistorie, Maria Parr, Detektivbyrå nr. 2, Chihiro og Heksene, Bettina og Beistet-bøkene, Gutta i trehuset-bøkene, Oppfinneren, Mormor og de åtte ungene, Floke-serien og mange faktabøker.