Dette er dei nye Harry Potter-skodespelarane

No er skodespelarane som skal spele Harry Potter, Hermine Grang og Ronny Wiltersen i den nye Harry Potter-serien, vist fram for første gong.

I 2026 skal strøymetenesta HBO Orginal etter planen lansere TV-serien Harry Potter.

I haust søkte produsentane etter barn i alderen 9-11 år, som kunne eigne seg i hovudrollene i serien. No har HBO Original annonsert at det vart Dominic Laughlin som fekk rolla som Harry Potter. Arabella Stanton fekk rolla som Hermine Grang og Alastair Stout fekk rolla som Ronny Wiltersen.

– Talentet til desse tre unike skodespelarane er fantastisk å vere vitne til, og vi gler oss til at verda skal få sjå magien deira saman på skjermen.

Det seier serieskapar og produsent Francesca Gardiner og regissør og produsent Mark Mylod i ei pressemelding frå HBO Original.

Sju sesongar

Harry Potter-serien skal i størst mogleg grad attgje det som står i den populære bokserien Harry Potter skrive av J.K. Rowling.

I likskap med talet på bøker i bokserien, vil det bli sju sesongar i HBO-serien.

Illustrasjonsfoto: Madalyn Cox / Unsplash