Mary-Emilie Pettersen Reknes
Alder: 13 år.
Bur: I Sula kommune i Møre og Romsdal fylke
Interesser: Skyting (50 meter og 100 meter) og skule
Favorittfag: Matematikk
På Sula ungdomsskule har dei valfaget «Innsats for andre». I dette faget har elevane mellom anna laga elevbedrifter.
Mary-Emilie og tre andre medelevar gjekk saman og laga elevbedrifta Barneboka EB – ei bedrift som skriv og illustrerer bøker for barn mellom fem og åtte år.
– Eg skriv medan dei andre illustrerer, sidan eg er glad i å skrive og dei andre er veldig flinke på å teikne, fortel Mary-Emilie.
Då elevbedrifta skulle i gang med fyrste boka, var det viktig for dei at ho skulle handle om noko som mange kunne kjenne seg att i. Då fell valet på tematikken skilde foreldre.
Mange barn har skilde foreldre
– Ved å lage ei bok om å ha skilde foreldre, kunne vi hjelpe mange, tenkte vi.
Og med det blei boka Katrine har to familiar til.
Mary-Emilie har inntrykk av at det ikkje er så mange barn som snakkar høgt om å vere i denne situasjonen og at det difor er mange som føler seg åleine om det.
– Men i røynda er det jo veldig mange som opplever at foreldra skil seg. Eg har skilde foreldre sjølv.
Vil bidra til forståing
Boka om Katrine viser både vanskelege og fine sider ved å ha to heimar.
Samstundes som Mary-Emilie håpar at barn i same situasjon som Katrine finn glede og trøyst i boka, fortel ho at boka ikkje berre meint for dei som har skilde foreldre.
– Vi håpar at Katrine har to familiar kan gjere det lettare for andre som ikkje er i situasjonen sjølv, å vise forståing for korleis ein kvardag med skilde foreldre kan vere.
Regionsmeisterskap
Nyleg reiste alle med valfaget Innsats for andre til Ålesund for å vere med på regionsmeisterskapet for elevbedrifter.
– Der fekk vi sjå mange ulike elevbedrifter som vi fekk inspirasjon frå og kunne lære av, fortel Mary-Emilie.
I tillegg gjekk elevbedrifta Barneboka EB av med 3.-plassen for beste sosiale entreprenør. Premien var pengar som skal gå til å trykke opp fleire bøker.
I gang med ny bok
Barneboka EB har allereie begynt på ei ny bok. Ho skal handle om lærevanskar.
– Vi veit at det er mange som har lærevanskar og kanskje er flaue over det. Vi vil at fleire skal forstå at det er heilt vanleg å ha slike utfordringar og at ein ikkje er dum av den grunn, seier Mary-Emilie.
I den nye boka vil dei også vise at alle er gode på forskjellige ting.
