Mensen
Mensen (menstruasjon) er ei bløding som kjem ut av skjeden til jenter og kvinner. Mensen kjem omtrent ein gong i månaden og varer i omtrent 3–7 dagar. Mensen startar i puberteten og er eit teikn på at ein er kjønnsmoden – at ein er i stand til å lage barn.
Kjelde: Lille norske leksikon
I dag blir den internasjonale mensdagen markert for ellevte året på rad. Det var organisasjonen WASH united som tok initiativet til denne globale merkedagen for fyrste gong i 2014.
Mensdagen vart oppretta for å gjere det meir vanleg og mindre skummelt å snakke om mensen. Når tema som mensen ikkje blir snakka om, blir ikkje utfordringane som høyrer med å vere jente og ha mensen, teke opp og gjort noko med, skriv WASH united.
FN skriv på sine nettsider at dagen er viktig for å spreie kunnskap og informere både kvinner og menn om mensen.
– Menstruasjon skal ikkje vere eit skambelagt tema, det handlar om menneskerettar, skriv dei.