Studien viser at 60 prosent av Barbiene har flate føter, medan 40 prosent går på tåspissane. På 60-talet gjekk nesten alle Barbie-dokkene på tåspissane, skriv Ung.Forskning.no.
Flate føter på jobb
Forskarane såg også på kva typar Barbie som har kva føter. Dei med flate føter har oftare jobbar, medan dei med spisse tær er meir moteorienterte. Moteorienterte menneske liker å følgja med på kva som er populært å ha på seg.
Forskarane fann at det ikkje er slik at Barbier med flate føter har funksjonsnedsetjingar. Faktisk hadde Barbie-dokker i rullestol framleis høge hælar.
Ikkje feil med høge hælar
Forskarane understrekar at dei ikkje meiner det er feil å bruka høghæla sko.
– Kommunikasjon om helse og fottøy er altfor ofte negativ, skriv dei, og peikar på at høge hælar har ei lang historie i moten.
– Barbie tek openbert fornuftige val for kroppen sin. Folk som går i høge hælar må få lov til å gjera det same, skriv dei vidare.

Morosam forskning
Professor Maria Øksnes ved NTNU synest det er morosamt at nokon har forska på dette. Ho fortel at ho sjølv aldri fekk Barbie som barn, men leika med dokkene hos venner.
– Eg meiner bestemd at leik med Barbie ikkje har ført til nokon negativ utvikling verken for meg eller vennene mine. Ingen av oss bruker særleg mykje høghæla sko, seier Øksnes til Ung.Forskning.no.
Ifølgje Øksnes er det vanleg at leiketøysprodusentar endrar seg med tida. Ho trur ikkje Barbie har så stor påverking på barn som mange fryktar.