Lærarar får nye reglar: Kan gripe inn viss elevar forstyrrar

Frå hausten får lærarar og andre tilsette på skulen lov til å gripa inn fysisk viss ein elev forstyrrar undervisninga eller seier ting som sårar andre.

Dei nye reglane betyr til dømes at ein lærar kan føra ein elev ut av klasserommet dersom det blir så mykje uro at det ikkje går an å ha ein vanleg skuletime. Læraren kan også ta mobilen frå ein elev som filmar andre i ein situasjon der det ikkje er greitt, skriv NRK.

Slike ting har lærarane ikkje hatt lov til å gjera før, ifølgje opplæringslova. No blir reglane endra for å gi lærarar meir hjelp til å skapa ro og tryggleik i klasserommet.

Ein trygg stad

– Det er på tide at lova vernar undervisninga for den store felleskapen i klasserommet. Skulen skal vera ein trygg stad der både elever og tilsette trivst og lærer, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun til NRK.

Dei nye reglane kjem i tillegg til det som allereie gjeld: at tilsette kan gripa inn for å hindra at nokon blir skadde, eller at noko blir øydelagt.