For aller første gong blei ormehovudet frå Osebergskipet vist fram

I går blei ormehovudet som høyrer til det gamle Osebergskipet frå vikingtida vist fram for aller første gong.

Ormehovudet ser ut som ein spiral og sat heilt fremst på skipet. Då skipet vart grave opp i 1904, hadde hovudet falle av. Sidan då har det originale ormehovudet vore gøymt, fordi det er veldig lett å øydeleggja.

− Det kjem frå det mest ikoniske funnet frå vikingtida, seier arkeolog Hanne Lovise Aannestad til NRK.

Ein kopi er festa på Osebergskipet som står utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo. Men no får folk endeleg sjå det ekte ormehovudet. Først blir det vist på Historisk museum, og seinare skal det stå i det nye Vikingtidsmuseet.

Det skal ikkje setjast tilbake på skipet, men liggja trygt i ein glasmonter.

− Å rekonstruera det her på Osebergskipet ville vore som å setja på ein peparkakevariant, og då veit du at han ville falle i bakken. Derfor ligg det mykje tryggare i ein monter, siger Aannestad.

Osebergskipet: Dette er restane etter eit svært staseleg vikingskip som vart bygd på Sørvestlandet i år 820. Skipet vart grave ut i 1904, er 21 meter langt og vart bygd for både roing og segling. Foto: Wikimedia Commons / Peulle, CC BY SA 4.0-lisens