Korpsliv

Sjå denne fine teikninga av korleis det er å vera med i korps!

Mathilde Flakstad Oma frå Norheimsund Friskule har sendt oss ei fin teikning om korleis det er å spela i korps.

Teikninga blei kåra til ei av dei beste i skrivekonkurransen til Framtida Junior tidlegare i år.

Ved nyttår var det 821 skulekorps i Noreg.

Kan du tenkja deg å byrja i korps? Då er det lurt å ta kontakt med musikklæraren din på skulen, kulturskulen eller ein vaksen som kan hjelpa deg å finna ut kvar nærmaste korps er!

Vil du lesa om andre fritidsaktivitetar? Les spalta vår Min hobby – eller send inn ein tekst om fritidsaktiviteten din til oss!