– Å ha mange venner er ofte ein fordel, men ikkje alltid, seier forskaren Robin Morrison til avisa The Guardian.
Hoer med mange venner i små grupper vart til dømes sjeldan sjuke. Samtidig hadde dei ikkje så mange ungar. I større grupper vart hoene med mange venner oftare sjuke, men dei fekk også fleire ungar.
Mange venner såg derimot ikkje ut til å gjera hannane noko mindre sjuke. Dei vart litt oftare sjuke når dei hadde mange venner.
Meir stressa
Forskarane trur at hann-gorillaene som har mange vener, må passe på fleire, og då blir dei meir stressa. Det kan gjere at immunforsvaret fungerer dårlegare.
Immunforsvar er kroppen sitt system for å stoppe sjukdom.