Gratulerer med dagen alle saman!

Endeleg 17. mai! Dagen eg trur alle har venta på. Dette er ein veldig spesiell dag, og det er ikkje ein spesiell dag utan grunn.

Det er ikkje ein dag der me berre et is og pølser, går i tog og har mange gøye leikar, nei, først og fremst er det på grunn av at me feirar at Norge fekk ei eiga grunnlov.

I 1814 reiste 112 menn til Eidsvold for å signera grunnlova. 16. mai signerte den siste mannen grunnloven, men datoen ble skrive ned den 17. mai. Me var ikkje eit heilt fritt land enno. Men endeleg i 1905 blei me eit fritt land, då unionen med Svergie ble oppløyst.
Men fridom forsvann i 1940 då Noreg blei invadert av Tyskland. Men heldigvis tapte nazistane den 8. mai 1945 og Noreg blei eit fritt land.

Men me må ikkje ta det for gitt at me er eit fritt land og utan krig. Ta gjerne Ukraina som eit eksempel. Dei er i krig og mange er redde for at familien skal dø eller er redde for faren som er ute i krig. Ikke alle bur trygt og godt med overflod av mat og klede. Me er heldige med landet vårt. Me er trygge og slepp å vera redde for krig. Alle har det ikkje fullkomme, men me får det me treng for å leva. Slik er det ikkje alltid i andre land, så me må vera takksame for at me har det så godt i landet vårt.

Men slik har det ikkje alltid vore. Noreg har også vore i krig og opplevd svolt. I nasjonalsangen Ja vi elsker synger vi: «Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett.» Det må me tenka på når me feirer 17. mai.

Maria Elise og resten av klassen hennar på Jærtun Lutherske Friskole gledde seg til 17. mai då Framtida Junior besøkte klassen på torsdag. Foto: Svein Olav Langåker

På 17. mai har me finklede på oss det er ofte bunad eller dress, og nokre går med kjoler. Me har god mat på 17. mai, som is, pølser, kjøtkaker og anna god mat. Det er sjølvsagt du som bestemmer kva du vil eta. Ein gong åt eg sju is på 17. mai! Me har òg leikar på 17. mai. Eg er på skulen på 17. mai der dei har opplegg med leikar og songer og tale. Det er òg ein tradisjon med å gå i tog. Då viftar me med flagg, synger 17. mai-songar – og folk går ofte i tog med skulen eller barnehagen.

17. mai er for alle uansett bakgrunn. Det er mange som har flykta fra krig. Dei har kome til Noreg fordi det er eit trygt land. Dei må me ta vare på, og me må inkludera dei som har hatt det vondt.

Me må då vera takksame for fridomen me har i Noreg, og hugsa at det ikkje er sjølvsagt at me bur i eit fritt land.

Hipp hurra for. 17.mai!

     Talen vann førsteplassen i skrivekonkurransen til Framtida Junior!