At mange unge jenter har fått HPV-vaksine og at fleire tek HPV-test er to viktige grunnar til lågare førekomst av livmorhalskreft. HPV-vaksinen er ei sprøyte som vernar kroppen mot viruset HPV.
HPV står for humant papillomavirus, og dette viruset kan gi kreft – spesielt livmorhalskreft, men også kreft i munn, svelg, endetarm og penis. Derfor får både gutar og jenter tilbod om gratis vaksine.
– Det er gledeleg at me ser ein nedgang i livmorhalskreft. Det inneber at vaksinasjon og screeningprogram fungerer, seier Ole Alexander Opdalshei i Kreftforeininga til NRK.
Eit screeningprogram er ein plan for å sjekka om friske personar har begynt å utvikla ein sjukdom – før dei merkar noko sjølv.
Lågare førekomst
I 2024 fekk 269 kvinner livmorhalskreft. Det er veldig lågt samanlikna med før.
– Lågare førekomst enn dette har me aldri registrert før, så dette er historisk, seier Giske Ursin til NRK. Ho er sjef i Kreftregisteret.
Ho seier at spesielt kvinner under 30 år blir sjeldnare sjuke no enn før.
Kven får HPV-vaksinen?
I Noreg får alle jenter og gutar i 7. klasse tilbod om vaksinen gratis. Dei får to sprøytar med litt mellomrom. Dette gir godt vern mot dei farlege typane av HPV.
Kva må til for å få vaksinen?
- Vaksinen blir gitt på skulen av helsesjukepleiar.
- Du treng samtykke frå foreldra dine.
- Du treng ikkje vere sjuk for å få vaksinen – det er nettopp for å hindra at du blir det seinare.
Gjer det vondt?
Det kan verka litt i armen der du får sprøyta, men det går fort over. Nokon kan også bli litt svimmel eller slapp, men det er heilt vanleg.
Kvifor er det viktig å ta vaksine?
- Vaksinen vernar mot fleire krefttypar seinare i livet.
- Det er mykje lettare å førebyggje kreft enn å måtta behandlast for det.
- Når mange er vaksinerte, blir viruset sjeldnare i samfunnet – og då blir alle tryggare.