Fakta
Namn: Ørjan Håskjold Nyland.
Kva: Landslagskeeper for Noreg, og keeper for Sevilla.
Heimstad: Volda, men bur no i Sevilla i Spania.
Sola skin og det er 20 grader da Framtida junior møter Ørjan på fotballtrening i Sevilla i februar.
I Sevilla bur han saman med kona Tine Rotevatn Nyland og dei tre sønene Ivo (3), Joah (9) og Oliver (11).
Hard jobbing
Då Framtida junior spør Ørjan om korleis ein kan bli fotballproff, er det spesielt éin ting han vil drage fram.
– Tren mykje. Skal ein nå heilt til toppen, er det viktig å fokusere, seier han.

Ørjan fortel om hans veg til toppen.
– Det er fleire ting som dataspel, og festing som eg har måtte ofra. Dette fordi eg har måtte trene, restituere eller slappa av. Det er viktig å være optimalt førebudd til neste dag.
Han fortel om hard jobbing.
– Då skuledagen var ferdig var det lekser før det var rett på fotballbana. Der var eg ofte til kvelden, då foreldra mine kunne hente meg, minnast han.
Keeperen peikar på at det er viktig å prioritere.
– Men om ein synes det er gøy å spele fotball, og har veldig lyst å bli proff, så gjer jobben seg sjølv. Men om man har meir lyst til andre ting som dataspel eller festing og blir ete opp av det, så kan det vere vanskeleg å nå toppen, innrømmer han.

Lever draumen
For Ørjan har det å bli fotballproff alltid vere draumen.
– Eg føler meg veldig privilegert og heldig som har fått denne moglegheita. Eg lever draumen min, fortel han.
Då Framtida junior får bli med Ørjan på trening, snakkar han på spansk med dei andre på laget.
– Eg er ikkje så god i spansk, men det er viktig for meg å snakke det språket der eg er. På den måten blir eg meir inkludert, seier han.
Dårlege periodar
Som keeper har han både gode og dårlege dagar. Ørjan har opplevd å sitje masse på benken. Når det kjem til å ha tunge dagar, er han klar i sin tale.
– Det er viktig å ta ein dag eller maks to veke om gongen. Kva kan eg forbetre der eg er no? Sjølv om ein er god på noko, er det alltid noko ein kan forbetre, legg han til.
Etter ein prat på 15 minuttar, får keeperen beskjed om å gå.
– Vi skal ha ein middag, seier han i all hast, før han joggar bort frå stadionen.