Noregs Mållag har markert Nynorskdagen i ei veke

12. mai er ein nasjonal markeringsdag for nynorsk, og Noregs Mållag har hatt ei nynorskveke for å markere dagen.

I 1885 kom vedtaket om å jamstille skriftmålet nynorsk (den gong kalla landsmål) med bokmål (den gong ei fornorsking av dansk kalla riksmål). Det er 140 år sidan. I tillegg til dette kom grunnlova for første gong på nynorsk 6. mai 2014.

I år, sidan 6. mai og fram til i dag, 12. mai, har Noregs Mållag og Norsk Målungdom oppfordra til å skrive nynorsk for å markere nynorsken som ei likestilla målform som bokmål.

Det er fleire som markerer nynorskdagen. I fjor vart appen Vipps gjort tilgjengeleg på nynorsk, og i to dagar var det mogleg å «kvippse» ein ven. Dette var mest på gøy for apputviklarane, då «kvipps» ikkje er eit nynorsk ord.

I år følgde kollektivappen Ruter i fotspora, og lanserte sin app på nynorsk.