På denne skulen har dei alltid utegym

Med palmar og padel i skulegarden er ikkje denne skulen heilt som andre norske skular.

Den norske skulen i Spania
  • Det er fem norske skular i Spania. Éin av dei er i Malaga, tre i Alicanteområdet, og éin på Gran Canaria.
  • Her kan norske elevar ha norske fag, samtidig som dei bur i Spania.
  • For skuleåret 2025/2026 er det rekordmange søkarar.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det er ein heilt vanleg tysdagsmorgon. Sjølv om det er tidleg på året, går elevar rundt i shorts og t-skjorte. Ute blir det spelt fotball, padel og spel. Alt mens elevane snakkar på norsk.

Kanskje har du allereie gjetta at denne skulen ikkje er i Noreg. Men korleis er det eigentleg å gå på ein norsk skule i Spania?

Framtida junior har vore på omvising, og snakka med elevar frå sjuande trinn.

Gylne regler: På veggen heng dei gylne reglane til skulen: Eg er her for å lære, eg er her for å hjelpe andre å lære, eg er her for å bidra til at alle har det bra. Foto: Siril Bratten

Norsk skule i Spania

Heilt sør i Spania finn ein byen Malaga. Malaga er hovudstaden i Costa del Sol som er kjent for varme vintrar og 330 soldagar i året.

Med mykje sol og varme, er det ikkje berre spanjolar som likar å bu der. Costa del Sol har faktisk 25.000 norske innbyggarar, noko som gjer at ein treng ein norsk skule.

Den norske skulen i Malaga er ein privatskule med elevar frå 1. til 10. trinn.

I skulegarden møter vi elevane Arion Songe Moss, Hugo Brekke Benza, Ida Cataleya Haugvaldstad og Celine Berzina Olsen som gjerne vil fortelje om sin skulekvardag.

Her er Aron Songe Moss, Celina Berzina Olsen, Hugo Brekke Benza og Ida Cataleya Haugvaldstad saman med lærarane Susanne Sjåvik Iversen og Anette Klungtveit.

Som ein vanleg skule

– Vi har alle dei vanlege faga slik som i Noreg, men i tillegg lærer vi spansk, fortel Ida.

Tidlegare har ho gått på skule i Oslo, før ho og familien flytta til Spania for skuleåret 2024/2025. Her har ho fått mange nye vener.

Éi av dei nye venane er Celine som tidlegare har budd i Stavanger. Dei fortel om skulekvardagen.

– Det er som ein vanleg skule berre at vi er i Spania, seier dei.

Men det er noko som er annleis.

– Vi er berre 14 i klassa her. Dette gjer at vi blir godt kjent med kvarandre. Det er også ein del elevar inn og ut. Nokon er her i fleire år, medan andre er her berre eit halvt år, fortel Ida.

Det er òg ein anna ting Ida og Celine peikar på som er annleis.

– Vi har mindre lekser her.

Biblioteket: Det er både norske og spanske bøker på skulebiblioteket.

Sport

I skulegarden møter vi Aron og Hugo. Begge med store smil rundt munnen når dei fortel om favorittfaget sitt.

– Sjå, der er gymsalen, seier gutane i kor.

Det er på ei bane midt på skoleområdet at kameratene likar seg aller best.

– Vi har alltid utegym her. Det er veldig gøy, fortel Hugo.

Hugo og Aron er og glad i å bruke andre delar av uteområdet på skulen.

– Vi kan spele padel og basketball på ei anna bane, fortel dei.

Aron Songe Moss, Celina Berzina Olsen, Hugo Brekke Benza og Ida Cataleya Haugvaldstad i sofaen på skulen.

Frå uteområdet går turen til inngangspartiet på skulen. Ved inngangsdøra heng det ein tv-skjerm. Der blir det vist bilde av skulekvardagen til elevane. Sjølv om gradestokken nærmar seg 20 grader, har elevane på bilda på seg heilt andre kle enn sommarkle.

– Sist veke var vi på ski. Vi måtte stå opp veldig tidleg for å ta buss opp i fjella. Bussturen tok omlag to timar.

– Det var veldig gøy. Vi fikk leike i snøen, og gjere vinteraktivitetar, fortel Ida.

Det er ein anna ting elevane vil vise oss.

– Slik er det ikkje i Noreg, seier Celine.

I det ho viser oss eit telt.

– Her har vi mat og helse.

Skulekjøkkenet er nemleg inne i eit telt.

– Vi kan opne teltet, då er kjøkkenet heilt ute. Her har vi laga muffins og anna god mat, seier Ida.

Skulekjøkken: Ida Cataleya og Celina Berzina Olsen likar å lage mat.

Dette saknar dei fra Noreg

Elevane kan velje om dei vil ha kantineordning på skulen.

– Det er pasta som er min favoritt, sier Ida.

Dei andre elevane smiler og er einige.

– Det er mykje anna godt også. Vi kan få suppe, salat, brød med chorizo, ost eller skinke, fortel dei.

Sjølv om det er mykje god mat på skulen, er dei nesten samstemde om kva dei saknar fra Noreg.

– Eg saknar maten. Berre ei skive med vanleg norsk ost, sier Ida.

– Vi har mykje brunost heime, fortel Hugo.

– Grandiosa, det hadde vore godt no, seier elevane engasjert.