– Dei testa både ein vanleg og ein elektrisk tannkost, seier kjemikar Alexander Sandtorv til Ung.Forskning.no.
Og konklusjonen blei at begge tannkostane slapp frå seg mikroplast. Men testen vart gjord i eit laboratorium. Me veit ikkje heilt kva som skjer heime på badet.
– Her må me ha meir forsking før me kan seia noko sikkert, seier kjemikaren.
Plast overalt
Folk blir ofte overraska over kor mykje plast me har rundt oss – i klede, teposar og no tannkostar.
– Me må finna ut kvar mikroplasten kjem frå og kor mykje me får i oss. Då kan me ta betre val, seier Sandtorv.
Kva bør me gjera?
Nokon bruker ein kvist som heiter miswak i staden for tannkost. Den er naturleg og drep bakteriar, men er ikkje like god til å nå bakarst i munnen.
– Eg tilrår ein mjuk plastbørste med tannkrem og tanntråd, seier professor Aida Gacic Mulic til Ung.Forskning.no.
Ho håpar me finn plastfrie løysingar i framtida.