Kva skjedde 9. april 1940?

Tidleg om morgonen 9. april 1940 skjedde noko dramatisk i Noreg. Utan forvarsel vart landet vårt angripe av Tyskland. Tyske soldatar kom med skip, fly og soldatar, og plutseleg var det krig i Noreg.

Då krigen starta i 1939, sa Noreg at dei ville vera nøytrale, altså ikkje vera med i krigen. Men om natta til 9. april 1940 kom tyske soldatar og skip for å ta over landet. Weserübung var det tyske kodenamnet på angrepet.

Første kamp

KAPTEIN: Leif Welding-Olsen, vart den første nordmannen som døydde i krigen. Foto: Public domain / Wikimedia Commons

Allereie kvelden før, den 8. april, var det kamp mellom ein norsk vaktbåt, «Pol III», og det tyske krigsskipet «Albatross» ytst i Oslofjorden. Kapteinen på «Pol III», Leif Welding-Olsen, vart den første nordmannen som døydde i krigen.

Natt til 9. april vart det store tyske krigsskipet Blücher senka av norske kanonar og torpedoar frå Oscarsborg festning. Dette gav kongefamilien og regjeringa tid til å flykta frå Oslo før tyskarane kom.

Tyskland tek kontroll

Om morgonen 9. april gjekk tyske soldatar i land i fleire norske byar, som Oslo, Bergen, Trondheim og Narvik. I mange byar overgav dei norske soldatane seg raskt, men enkelte stadar prøvde dei å kjempa imot. I Sør-Noreg var det kampar fleire stadar, som ved Midtskogen, Dombås og i Gudbrandsdalen. I Nord-Noreg, særleg rundt Narvik, kjempa norske og allierte soldatar (frå Storbritannia, Frankrike og Polen) mot tyskarane heilt fram til 10. juni 1940. Der vann dei ei stund, men måtte til slutt gje opp.

Motstand mot tyskarane

Sjølv om Noreg vart okkupert av Tyskland, gav ikkje folk opp. Mange nordmenn var med i motstandsrørsla. Dei hjelpte til med å gøyma våpen, senda hemmelege meldingar, laga avisar i skjul og hjelpte folk som måtte rømma. Motstandsrørsla vart ein viktig del av kampen for eit fritt Noreg under krigen.

(Kjelde: Store norske leksikon, Wikipedia)