Heile 379 personar ringde inn fordi dei var utsette for vald eller overgrep i nære relasjonar. Dette er det største talet sidan linja vart oppretta i 2019.
Julie Haatuft, som leier prosjektet, seier at fleire har vorte merksame på vald i nære relasjonar på grunn av meir fokus i media. Når folk les om kva vald kan vera og kva hjelpetenester som finst, blir dei betre i stand til å kjenna igjen vald og be om hjelp.
- LES MEIR: Kva er overgrep?
– Det fører også til ei auka forståing, fordi ein les om korleis valden kan sjå ut i nære relasjonar og skildringar av det, som gjer at ein får ei større forståing av kva det kan vera og også kva slags hjelpetilbod som finst, seier ho til NRK.
På nettsida skriv VO-linja dette:
Du kan ringja når som helst, døgnet rundt. Me lyttar til utfordringane dine, kan svara på spørsmål, gi råd og rettleiing. Heilt anonymt. Heilt gratis.
VO-linja har også ein chat. Her kan du skriva inn til oss heilt anonymt og lydlaust. Chatten er open måndag til fredag 09.00-20.00.
Her er endå fleire tilbod for deg som treng nokon å snakke med:
- Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørje om det du lurar på. Det er gratis og telefonen er døgnopen.
- Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside. Barnevernet skal hjelpe barn som har det vanskeleg.
- Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
- På Kors på halsen kan du prate med eller skrive til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seie og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Telefonnummeret deira er 800 333 21. Du kan også chatte og sende mail anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
- BARsnakk er ei chatteteneste for barn, ungdom og vaksne som har foreldre som har rusproblem, eller som kjenner nokon som har det. Det er heilt gratis, og du kan vera heilt anonym.
- SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år. Her kan du snakke med ein trygg vaksen om korleis du har det, om du synest at noko er utfordrande og vanskeleg, eller treng nokon å prate med.