I dag kjenner me til rundt 1,7 millionar dyre- og planteartar verda over, men forskarar trur det kan finnast over 50 millionar ulike artar i verda. Klimaendringar og menneskeleg aktivitet som avskoging og ulovleg gruvedrift gjer at mange dyr og plantar kan forsvinne før forskarane rekker å studere dei. Derfor er det viktig å lære meir om artane, slik at dei kan bli verna.
Dei nye artane som har blitt oppdaga i Kongobassenget, er alt frå orkidear og kaffi til eldfluger, krokodillar og ein ny type ape, skriv Verdens Beste Nyheter.
Kongo er eit land som ligg midt i Afrika, og inneheld verdas nest største regnskog.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/La_riviere_Lulilaka_parc_national_de_Salonga_2005-300x206.jpg)
Kunnskapsrikt urfolk
Urfolk som har levd i skogen i mange år har ofte kjent til desse artene, men forskarar har ikkje registrert dei før no. I Kongobassenget bur det tusenvis av ulike fugleartar, 450 typar pattedyr, 700 fiskeartar, 280 forskjellige reptilar og hundretusenvis av insekt. Ganske mange av artane finst berre der.
WWF har nyleg gitt ut ein rapport som viser at det vart funne minst 742 nye artar i området frå 2013 til 2023.
– Eg er ikkje sikker på om me nokon sinne får skrive ned alle artar
– Eg trur også at mange av dei artane som finst i dag, med den hastigheita me ser at dei forsvinner i dag, kan rekke å bli vekke innan dei blir oppdaga, seier Jacob Fjalland, direktør i WWF Danmark, til Verdens Beste Nyheter.
Konfliktar
Kongobassenget strekker seg over heile 13 prosent av kontinentet i Afrika. Forskarar har ikkje alltid fått tilgang til det på grunn av konfliktar.
– Av alle dei store regnskogområda, Amazonas i Sør-Amerika, Borneo i Asia og Kongobassenget, er det heilt klart mest utfordrande å arbeide i Kongobassenget grunna konfliktar og dei strukturane som har vore der i mange tiår. Derfor er det også endå viktigare å ha fokus på dette området, seier Jacob Fjalland.