Mount Everest (Nepal/Kina):
Høgd: 8 849 meter.
Mount Everest er verdas høgaste fjell. Det ligg i Asia, nærare bestemt i Aust-Himalaya, ganske langt aust på grensa mellom Nepal og Kina.
Mount Everest har fått namnet sitt etter Sir George Everest, som i 1841 var den første til å fastsetja høgda til fjellet og geografiske koordinatar.
Fjellet vart først klatra av Sir Edmund Hillary frå New Zealand og Tenzing Norgay fra Nepal. Dei nådde toppen 29. mai, 1953.
K2 (Pakistan/Kina)
Høgd: 8 611 meter.
K2 ligg i Karakorumfjellene i den pakistansk-kontrollerte delen av Kashmir. Grunna låge temperaturar og det uføreseielege vêret på K2, blir fjellet i klatremiljøet omtala som The Savage Mountain. Det tyder «det ville fjellet».
K2 vart erobra første gong 31. juli 1954 av ein italiensk ekspedisjon.
Kangchenjunga (Nepal/India)
Høgd: 8 586 meter.
Kanchenjunga er det tredje høgaste fjellet i verda. Det ligg i Aust-Himalaya, på grensa mellom India og Nepal.
Utanom hovudtoppen har fjellet tre toppar over 8400 meter, og er såleis den største høgderyggen i verda.
Hovudtoppen vart nådd av ein britisk ekspedisjon 25. mai 1955. Då Kanchenjunga er eit heilagt fjell for innbyggjarane i India, hadde britane lova å ikkje gå heilt til topps. Derfor stoppa dei eit par meter frå det høgaste punktet.
Lhotse (Nepal/Kina)
Høgd: 8 516 meter
Lhotse er ein fjelltopp i Aust-Himalaya på grensa mellom Nepal og Tibet. Fjellet ligg sør for Mount Everest. Det er jordas 4. høgaste fjelltopp.
Lhotse vart først erobra i 1956 av sveitserane Fritz Luchsinger og Ernst Reiss.
Makalu (Nepal/Kina)
Høgd: 8 485 meter
Makalu er eit fjell i Aust-Himalaya. Makalu ligg søraust for Mount Everest, på grensa mellom Nepal og Tibet. Fjellet er kjent for sin skarpe, pyramideforma topp.
Fjellet vart første gong erobra i 1955 av franskmennene J. Couzy og L. Terray.
Kjelde: Store norske leksikon / Wikipedia