Eldgammal is funnen i Antarktis

Forskarar i Antarktis har funne is som er over 1,2 millionar år gammal! Dei har bora seg nesten 3 kilometer ned i isen for å nå heilt til berggrunnen.

ISBREFORSKAR Elisabeth Isaksson har vore involvert i «jakta på den eldste isen i verda» heilt tilbake til førebuingane for prosjektet i 2016. Iskjernen ho held på biletet stammar ikkje frå borigen etter den eldste isen i verda, men er ei isprøve frå fryselageret ved Framsenteret i Tromsø. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk polarinstitutt

Isen er som ei tidsmaskin – han kan fortelja oss om klimaet på jorda før i tida, og kanskje hjelpa oss å forstå kva som skjer med klimaet framover.

– Dette er ein milepæl for klimavitskapen, seier seniorforskar ved Norsk Polarinstitutt, Elisabeth Isaksson til NRK.

Mykje informasjon

Når forskarane studerer isen, kan dei finna ut kor varmt det var før, kor mykje det regna, og om det har vore vulkanutbrot eller skogbrannar. Med ein lang is-sylinder frå toppen til botnen av isen, får dei ein slags klimakalender over millionar av år.

Prosjektet er støtta av EU og fleire land, inkludert Noreg. Norsk Polarinstitutt og Universitetet i Bergen er med.

KLIMAARKIV: Luftboblene i isen fortel kva slags klima det var på jorda då boblene vart låste inne. Foto: PNRA:IPEV
LAGER: Etter kvart som is er bora opp er den delt i mindre bitar og lagra på 50 kuldegrader i forskingsleiren på Little Dome C. Foto: Norsk polarinstitutt