– Om du kan jobba litt så er det litt ålreit å kunne tena sine eigne pengar, ikkje berre spørja mor og far, eller bestemor og bestefar, eller nokon andre, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet.
Sjølv sparte han til politilego, før han seinare kjøpte radiostyrt bil, fleire båtar og ein moped.
– Og så er det litt morosamt å spara òg, om du kan spara til noko som du har lyst på, så synest eg det er gøy.