Skulelevar står bak julefrimerka i år

7. klasse ved Drøbak skole har ved hjelp av eigne idear og kunstig intelligens stått for motiva til Postens nye julefrimerke.

– Julefrimerka er noko me gler oss til kvart år. Dei markerer starten på høgtida for mange, og i år har me fått til noko heilt spesielt, med hjelp frå elevane ved Drøbak skule, seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten, før han forklarer vidare:

– Me ønskte å gjera noko annleis til årets utgiving, ved å la skuleelevar komma med dei unike ideane sine til frimerkemotiv, og dei har levert over all forventning.

Med hjelp av ideane til elevane og kunstig intelligens vart det utvikla eit hundretals skisser, der to til slutt vart valde ut. Desse vart sidan finpussa av frimerkedesignar Camilla Kvien Jensen.

JULEFRIMERKA i år: Totalt er opplaget på dei to frimerka på over 1,4 millionar. Foto: Posten Bring

– Julefrimerka er dei mest tradisjonsrike frimerka me har, så det har vore ei spennande reise å følgja korleis me har kunna nytta kunstig intelligens for å utvikla ideane til barna frå ein tidleg fase til ferdige frimerke, seier frimerkedirektøren.

Spreier julestemning

Frimerka i år er inspirerte av utradisjonelle juleelement, som ein snømann på ski og ein hund på akebrett. Desse vil dekorera julekort og brev rundt om i landet og spreia julestemning til mange.

– Dette er eit døme på korleis me kan kombinera teknologi med menneskeleg kreativitet på ein morosam måte. Elevane frå Drøbak har gjort ein fantastisk jobb, og me håpar mange vil gle seg over resultatet, avsluttar Fasting.