Saman med illustratør Åshild Irgens har ho laga boka som fortel om korleis livet var den gongen.
Eirin Holberg har jobba som arkeolog i mange år, og har gravd fram mange interessante ting. Men kva synest ho sjølv har vore aller mest spennande?
– Eg har funne ei kjempefin øks frå steinalderen! Den fann eg i Vestland utanføre Bergen. Det er utruleg spennande å finne noko som nokon har lagt frå seg for mange tusen år sidan. Då kjem eg så tett på historia. Det å vite at ingen andre har vore borti den tingen sidan den personen la den frå seg. Det er også spesielt å finne restar av hus og sjå korleis dei budde.
Ho har vore med på å grave etter spor frå steinalderen i både Noreg og Danmark.
– I Danmark er det mykje tettare mellom funna. Der fann me mange økser, flintknivar og ein flintsigd som skar korn i yngre steinalder. Det var veldig, veldig spennande. Det er jo sjeldan med store funn frå steinalderen i Skandinavia – fordi mykje blei laga i materiale som er brote ned av naturen. Men eg synest det er like gøy å finne små kvardagslege ting fortel ho. Det er dei som fortel mest om korleis det var å leve den gongen!
Inspirert av teiknefilm
Arkeologiske utgravingar har fascinert ho sidan ho var ei lita jente.
– Då eg var lita såg eg serien «Det var ein gong eit menneske» – ein teiknefilmserie om forhistorisk tid. Det er så lett å tenke at slik me lever i dag er den beste måten å leve på, men historia viser oss at det er mange måtar å leva på.
Eirin Holberg er nøgd med at ho valde å studere arkeologi til slutt.
– Eg likar at eg kan vera mykje ute i naturen og litt på kontor innimellom, seier ho.
Snakka med barn
Ho er glad i å skrive, og har no skrive den første boka i ein serie. Med seg på laget har ho illustratør Åshild Irgens.
– Det kjem også ei om bronsealderen og ei om jernalderen, fortel ho.
I arbeidet med boka har ho snakka med fleire barn om kva dei er nysgjerrige på om steinalderen.
– Når eg møter barn blir dei ofte nysgjerrige på at eg er arkeolog. Dei spør om artige detaljar som korleis barna i steinalderen gjekk på skulen, korleis dei lærte noko utan bøker, korleis dei såg ut og kva mat dei likte.