Forbrukarrådet vil klage på Meta sine nye KI-grep

Meta vil trene opp kunstig intelligens.

I mai vart det kjent at Meta vil bruke innhald frå brukarane sine, som innlegg og bilete frå Facebook og Instagram, for å trene opp kunstig intelligens. Det gjeld frå 26. juni.

Datatilsynet skriv på nettsidene sine at dette truleg ikkje er lovleg. Dei meiner det er meir naturleg å spørje om lov frå brukarane før dei byrar å bruke innhaldet deira.

«Samstundes føreligg det ingen praksis om denne problemstillinga. Det er difor vanskeleg å setje to strekar under svaret», skriv dei.

Forbrukarrådet er også skeptiske.

– Vi meiner det er uakseptabelt, og at det mest sannsynleg også bryt med personvernlovgivinga i Noreg og Europa, seier fagdirektør Finn Myrstad til TV2.

No vurderer dei å klage til Datatilsynet, som seier dei allereie har motteke klager, og forventar å få fleire. Datatilsynet informerer om at i slike saker vil dei samarbeide med andre datamyndigheiter i EØS for å vurdere saka.