Fleire menneske har tilgang på reint drikkevatn

Mellom 2015 og 2022 auka den delen av befolkninga i verda som har tilgang til trygt drikkevatn frå 69 til 73 prosent.

Auken betyr at 687 millionar menneske til fekk tilgang til reint vatn i nærleiken av der dei bur. Det fortel Verdens Beste Nyheter i eit innlegg på Framtida.no.

Ein rapport frå Verdshelseorganisasjonen, har rekna at minst 1,4 millionar dødsfall i verda i 2019 var eit resultat av mangel på reint vatn. Når fleire personar får tilgang på reint vatn og toalett og avløp, så kan det verne mot vassborne sjukdommar som diaré og kolera, noko som kan spara mange liv kvart år.