Maldivane – turistnasjonen som førebur seg på utsletting

Maldivane førebur seg på ei framtid under vatn.

Maldivane

Grunnlagd: 26. juli 1965

Hovudstad: Malé

Innbyggjarar: 568 400

Styreform: Republikk

Religion: Islam

Språk: Maldivisk

Kjelde: SNL

LES FAKTALUKK FAKTA

Havstigning er ein av dei mest alvorlege konsekvensane av klimaendringane. Ifølge FNs klimapanel vil om lag ein milliard menneske bu i byar og tettstadar som ligg ved kysten innan 2050. Eit av verdas mest utsette land er Maldivane.

Havstigning med katastrofale følger 

Viss måla i Parisavtala ikkje vert nådd, kan havet i verste fall stige mellom 60 centimeter og ein meter innan 2100.

Det er dårleg nytt for verdas mest lågtliggjande land, Maldivane.

80 prosent av landmassen i landet er under ein meter over havnivå. Ei havstigning på ein meter ville vore katastrofalt.

I gjennomsnitt ligg den vesle øystaten berre 1,5 meter over havnivå. Det høgaste punktet, på dei nesten 1200 øyane landet består av, er berre 2,4 meter over havet. Det er verdas lågaste høgaste punkt i eit land.

Hovudstaden i Maldivane er Malé. | Foto: Shahee Ilyas, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Viktige korallrev 

Øyane eller atollane Maldivane består av er omringa av korallrev som fungerer som ein beskyttar mot store bølgjer og straumar. Då landet vart ramma av ein tsunami i 2004 vart skadane langt mindre enn dei hadde vore utan korallane.

Dei fungerer som ei bremse for vatnet og gjer at stranderosjonen ikkje er så sterk. Utan korallane hadde det vore mykje meir erosjon som berre ville fått Maldivane til å forsvinne endå fortare enn dei allereie gjer.

Derfor er det svært alvorleg for Maldivane at korallreva toler aukande havtemperatur svært dårleg. Auka temperatur i havet gjer at revet vert bleika og døyr.

Korallreva er ikkje berre viktige for å beskytte mot erosjon, men er også ei viktig inntektskjelde gjennom turisme og fiskeri, dei to viktigaste inntektskjeldene til Maldivane. 34 prosent av Maldivane sin BNP kjem frå turisme. Mange av turistane som kjem til Maldivane kjem for å sjå på korallane.

Fiskane ved Maldivane finn andre stader å symje når klimaet endrar seg. | Foto: MDC Seamarc Maldives, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Temperaturauke og korallrevdød vil også påverke fiskelivet rundt Maldivane. Fiskane kan ende opp med å emigrere til nye område og gjere livet vanskeleg for maldiviske fiskarar.

Inntektskjeldene som skal finansiere livet i og etter klimaendringane vert redusert som ei følge av klimaendringane.

Det er ein vond sirkel.

Møte under vatn

Ein av taktikkane Maldivane bruker for å redde seg sjølv er å skape merksemd om global oppvarming og havstigning.

I 2009 skapte Maldivane globale overskrifter då dei organiserte det første undervassregjeringsmøtet i verda.

Dette stuntet vart gjort for å vise alvoret i trusselen frå havstigning som følge av global oppvarming. Dåverande president Mohamed Nasheed og medlemmer av regjeringa hans tok på seg dykkarutstyr og senka seg ned til ei djupne på seks meter i Det indiske hav, der dei godkjente eit dokument som oppmoda alle land til å redusere utslepp av drivhusgassar. Heile møtet vart heldt ved hjelp av vasstette tavler og handteikn til å kommunisere.

Myndigheitene i landet jobbar for å førebygge klimaendringar, men ser også på moglegheiter viss det skulle ende opp med å gå ordentleg gale.

Fiskeriminsteren i Maldivane signerer eit dokument under eit møte arrangert på havbotnen i 2009. | Foto: 350.org via flickr (CC BY-NC-SA 2.0 DEED)

Land i utlandet

I 2008 kunngjorde Maldivane planar om å starte ein nasjonal turistinntektsfinansiert sparekonto, eit slags fond, for å samle inn midlar som kunne brukast til å kjøpe land i andre land. Det var tenkt som ein sikkerheitsventil for landets befolkning, skulle det kome til det verste scenarioet der øyane blir umoglege å bu på, på grunn av stigande havnivå.

Strategien bak fondet var å investere i utanlandske landområde i nasjonar som India, Sri Lanka og Australia som maldivarane potensielt kunne flytta til.

Akkurat korleis det skulle fungere i praksis er ikkje så godt å seie med tanke på folkeretten og så vidare. Vi har sett at det ikkje er heilt uproblematisk å flytte ei folkegruppe til eit anna land sitt landområde, slik som i Palestina til dømes, utan elles samanlikning.

Les meir på Framtida.no!

Flyet kan bli litt vått på Maldivane, dersom det ikkje treffer på rullebana. | Foto: StromBer, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons