Penelope Lea: – Val eg gjer påverkar folk rundt meg

Penelope Lea er klimaaktivist og har skrive bok om klima og aktivisme. Korleis påverkar ho folk rundt seg til å gjera gode klimaval?

– Eg tenkjer den beste påverknaden ein kan få er gjennom å snakka saman og lytta til kvarandre. Det gjer eg med alle eg har rundt meg, fortel Penelope.

Då ho var yngre måtte familien hennar innføra eit politisk fritt kvarter rundt frukostbordet.

– Det måtte me fordi me snakka så mykje om verda rundt oss, om natur og klimapolitikk og sosialpolitikk, heile tida, seier ho.

Penelope trur vala ho sjølv gjer i eige liv er med på å påverka dei rundt ho.

 

Korleis kan du påverka dei som styrer landet til å gjera noko med klima- og naturkrisa?

– Eg er oppteken av at det ikkje er slik at makthavarar har all makt. Me som borgarar har makt. Me veit aldri kva for ei av handlingane våre som kan føra til endring, eller som gjer at fleire følgjer etter oss. Derfor er på mange måtar alt det me gjer like viktig. Kvar handling me gjer kan bli den handlinga som endrar verda til det betre, seier ho.

 

Snakk og lytt

Penelope arrangerer og organiserer klimamarkeringar, skriv innlegg til avisa jamleg, stiller opp på konferansar og intervju og jobbar med andre samfunnsengasjerte både i Noreg og internasjonalt.

– Eg prøver å påverka gjennom alle dei fredelege og demokratiske vegane me har i Noreg og på den internasjonale arenaen. Eg kjem framleis tilbake til det å snakka saman og lytta, fordi eg meiner også at det me gir merksemd får merksemd. Det me vel å snakka saman om på skulen, med venner og familie, med menneske du møter på trikken. Det betyr noko. Det engasjementet me klarer å visa i slike samanhengar smittar og bevegar seg til å nå fleire og fleire. Det at me held fram med å snakka om klima- og natur er også ein måte me kan påverka politikarar og makthavarar på, seier ho.

 

Kvifor er det viktig for deg å jobba mot klimaendringar og stoppa naturkrisa?

– Å arbeida for å avgrensa vidare klimaendringar og stansa naturinngrep handlar om å verna livsgrunnlag og høvet til å leva trygge liv i fred i dag, i resten av våre unge liv og for framtidige generasjonar. Det handlar om å arbeida for ei framtid som eg kan ha tru på.