Klima- og miljøministeren svarar på spørsmål

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen svarar på spørsmål frå lesarane til Framtida Junior.

 

Kva skal me gjere for at temperaturen ikkje skal stige meir?

– For at temperaturen ikkje skal stige meir, må me blant anna brenne mindre olje, kull og gass. Det er også viktig å ta vare på naturen og havet, for naturen og havet hjelper oss med å lagre karbondioksid frå lufta.

 

Kva kan Noreg gjere for at havet ikkje skal stige?

– Me må redusera utsleppa av karbondioksid. Havet blir oppvarma når det lagrar menneskeskapte utslepp av klimagassar. Varmt vatn tar meir plass enn kaldt vatn og i tillegg smelter isbrear. Dette fører til at havet stig gradvis, ca. 3,3 millimeter per år. Forskarar meiner at havet vil stige gradvis i hundrevis eller tusenvis av år framover. Dersom alle land reduserer utsleppa sine raskt og mykje, kan me avgrense kor mykje havet kjem til å stige.

 

Korleis fjernar me all eksos?

– Det er krevjande å fjerne all eksos, men i Noreg har me sett oss ambisiøse mål om bytta ut fossile bilar med nullutsleppskjøretøy, til dømes elbilar. Så langt i 2024 er over 90 % av alle nye personbilar som blir selt, elbilar. Over tid vil det føre til at me nesten berre vil ha bilar i Noreg som ikkje slepp ut noko eksos.

 

Har klima blitt betre eller dårlegare i det siste?

– 2023 var det varmaste året nokosinne målt på jorda. Det var fleire månader på rad med nye varmerekordar. Det blir varmare både i havet og på land. Samtidig ser me at klimapolitikken gjer at den globale oppvarminga ikkje går så fort som den ville gjort utan klimapolitikk. Det er bra, men me må framleis gjere meir.

 

Kva kan Noreg gjera for å hjelpe jorda?

– Noreg kan bidra til at landa i verda samarbeider om å ta vare på miljøet. Noreg har vore pådrivarar for ein avtale mellom nesten alle landa i verda om å arbeide for å ta betre vare på naturen. Noreg hjelper òg andre land med å ta vare på naturen sin. Blant anna hjelper me Brasil, Colombia og Peru med å ta vare på regnskogen i Amazonas. Me jobbar saman med andre land for å stanse plastforureining. Gjennom samarbeid kan me gjera meir for å hjelpa jorda.

 

Kva kan Noreg gjere med plasten i havet?

– Plast i havet og i naturen er eit av vår tids raskast aukande globale miljøproblem. Ingen enkeltland kan løyse problema med plastforureining åleine, derfor arbeider Noreg både nasjonalt og internasjonalt for å stansa plastforsøpling i havet. I Noreg er det forbode å forsøple og me har gode system for å samle inn avfallet vårt slik at det ikkje endar opp i naturen. Noreg arbeider med å få på plass ein ny global avtale for å stanse plastforureining i løpet av året. Saman med Rwanda leiar me ei gruppe med over 60 land som ynskjer at ein slik avtale skal vera ambisiøs. Med ein global avtale vil alle land kunne ha felles regler for å hindra utslepp av plast til havet.

 

Kva skal me gjere for å minke bilkøyringa?

– Det er fleire ting me må gjera for å minke bilkøyringa. Me må redusera behovet for å reise med bil gjennom til dømes meir heimekontor. Samstundes må me bytta ut bilkøyring med meir klimavennlege val, som tog, buss, sykkel eller gange. Dette krev at ein fortset å gjera klimavennlege måtar å reise på til gode alternativ til bilkøyring.

 

Korleis kan me engasjere folk til å plukke meir søppel?

Det er viktig at me engasjerer folk til å plukke søppel, samstundes må me arbeide for å hindra at søppel i naturen i det heile teke oppstår. Forsøpling er forbudt, og den som er ansvarleg for forsøplinga har ansvaret for opprydding. Det er samstundes viktig med god kommunikasjon om kor søppel kan kastast og korleis søppel skal kjeldesorterast – og kvifor me skal gjere det. Slik kan me hindra at søppel hamnar i naturen og samstundes sikre at mest mogleg materiale frå søppelet kan brukast om att.

 

Kva skal Noreg gjere for å redusera utsleppa av karbondioksid?

Noreg jobbar for å kutte utslepp av karbondioksid på fleire måtar. Noko av det viktigaste me gjer er å sette ein pris på CO2-utslepp. Det kostar til dømes pengar for bedrifter å sleppe ut karbondioksid i Noreg. I dei komande åra vil dette koste endå meir, noko som gjer at det vil vera billegare å omstille seg, altså å velje grønare løysingar. Eit anna viktig tiltak er å la naturen vera meir i fred. Naturen held på karbondioksid som blir sleppt ut i atmosfæren dersom me byggjer han ned. Derfor er det viktig at me prioriterer godt kor me skal byggje, og kor me skal la naturen få stå.

 

Korleis skal Noreg ta vare på naturen og hindre utrydding av dyr?

Me kan gjera fleire viktige ting for å ta vare på naturen og hindre utrydding av dyr. Det viktigaste er nok å la naturen vera meir i fred og kutta meir utslepp av karbondioksid. Naturen er artane sin heim, og for å fortsetta å kunna leve der, er dei avhengige av at temperaturen ikkje stig for mykje, og at me ikkje byggjer ned naturen med til dømes hytter og vegar. Det er òg viktig å ikkje jakte og fiske for mykje, og me må slutta å forureina naturen med søppel, farlege stoff og anna som ikkje høyrer heime der. Nokre område er så viktige at me gir dei spesielt vern. Før jul verna me Østmarka nasjonalpark. Vern betyr at naturen skal få vere slik han er, og at det ikkje kan bli bygd hus, veger, kraftleidningar eller vindmøller der, og at skogen ikkje kan hoggast.