Botswana tilbyr å sende 20000 elefantar til Tyskland

Tilbodet kjem etter ei politisk konflikt.

Tyskland er det landet i EU som importerer flest jakttrofe frå elefantar. Å importere vil seie å kjøpe og føre inn frå utlandet. Eit jakttrofe er ein del av dyret jegeren tar med seg heim igjen for å vise fram, for eksempel støyttennene til elefanten.

I Botswana er det meir enn 130 000 elefantar. I 2014 blei det ulovleg å jakte på elefantar i det afrikanske landet, men i 2019 blei det lov igjen.

Foreslår strengare grenser

Miljødepartementet i Tyskland foreslo tidlegare i år å ha strengare grenser for å importere jakttrofe, skriv BBC. Presidenten i Botswana, Mokgweetsi Masisi, sa at dette ville gjere botswanararar fattigare.

Ifølge presidenten har talet på elefantar eksplodert i Botswana. Det å arrangere jakt på dei, hjelper til med å halde bestanden nede. I tillegg gir elefantjakta inntekter til lokalbefolkninga.

Tyskland vil sikre berekraftig import

Ei talskvinne for miljødepartementet i Tyskland sa til nyheitsbyrået AFP at dei hadde eit spesielt ansvar for å sikre at importen av jakttrofe var berekraftig og lovleg. Det vil dei gjere for å ta vare på det biologiske mangfaldet.

Australia, Frankrike og Belgia har allereie forbydd handel med jakttrofe.