Songtekstar har blitt enklare

Forskarar har sett nærmare på 12 000 songar frå dei siste 40 åra.

Europeiske forskarar har sett på songar på engelsk frå åra 1980 til 2020. Dei såg på songar frå ulike sjangrar som pop, rock, rap, country og R&B.

– I alle sjangrane hadde tekstane ein tendens til å bli enklare og meir gjentakande, seier forskar Eva Zangerle ifølge forskning.no.

– Teksten festar seg lettare i dag, fordi han er lettare å hugse, seier ho.

Forskarane fann også ut at det hadde blitt fleire sinte songar. Særleg raptekstar hadde blitt sintare. Ein annan ting dei fann ut, var at popmusikk i dag oftare bruker orda «meg» og «mitt».

Forskarane meiner at songtekstar viser korleis samfunnet endrar seg.