I årets panel finn me Maria (13) frå Oslo, Jakob (13) frå Sandane, Anna (12) frå Stjørdal, Viljar (13) frå Porsgrunn, Josefine (14) frå Trondheim, Milla (14) frå Florø, Jonah (11) frå Oslo og Nikolai (14) frå Byneset.
På bli kjent-samlinga førre helg hadde panelet mange spennande møte. Dei var innom Natur og Ungdom og Bellona og fekk læra meir om korleis desse miljøorganisasjonane jobbar.
Første stortingsmøte
Panelet hadde også det første stortingsmøtet i år, der dei møtte Mani Hussaini (Ap), som sit i Energi- og miljøkomiteen. Dei diskuterte mellom anna olje og gass, fornybar energi, klimabistand og korleis Noreg skal nå klimamåla sine innan 2030.
På samlinga la panelet også planar for året og stemde fram kven dei ønskte som leiar og nestleiar. Jakob Sande Haugset vart attvald som leiar, og Maria Tøsse Pihlstrøm vart vald som nestleiar.
Gler seg
– Eg gler meg til å kunna jobba med å representera barn og unge i eit år til! Det er ei ære å ha eit så viktig oppdrag, seier Jakob.
Det neste året skal panelet samla inn innspel frå barn i heile Noreg og jobba med ei rekkje saker om natur, klima og miljø. Til hausten skal panelet etter planen reisa til FNs klimatoppmøte i Aserbajdsjan.