Fleire gir pengegåver til organisasjonar

Fleire nordmenn strevar økonomisk, men likevel har givargleda auka. Fleire og fleire hjelper velgjerande organisasjonar.

– Me har vore førebudde på at givargleda skulle gå ned heilt sidan 2020. Men givarglede er openbert ikkje noko folk mistar i nedgangstider. Det er snarare tvert imot, seier Siri Nodland, generalsekretær i Fundraising Noreg til NRK.

Ei ny undersøking gjennomført av Posten Bring på vegner av Fundraising Noreg viser ein auke i faste givarar frå 26 prosent til 51 prosent, ifølgje NTB.

– Sidan me starta undersøkinga i 2017, har andelen fastgivarar auka frå 26 prosent til 51 prosent. Det er gledeleg at så mange vel å støtta saka dei er opptekne av på fast basis. Det gir klare signal om kva folk meiner er viktig og gir organisasjonane våre føreseieleg økonomi slik at dei kan hjelpa fleire, seier Nodland.