Klimarapport: Dystre rekordar i 2023

Ein rapport frå Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) slår fast at 2023 var eit rekordår for havtemperaturar, issmelting i Antarktis, tilbaketrekking av isbrear og havnivåstiging.

Rapporten stadfestar at fjoråret er det varmaste som er registrert. Den globale gjennomsnittstemperaturen låg 1,45 gradar over førindustrielle målingar.

– Det vi var vitne til i 2023, særleg med havtemperaturar utan sidestykke, isbrear som trekte seg tilbake og tap av sjøis i Antarktis, gir stor grunn til bekymring, seier generalsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) Celeste Saulo  i ei pressemelding.

Ifølgje rapporten opplevde 90 prosent av havet hetebølgjeforhold i løpet av 2023, noko som påverkar økosystema i havet og korallrev.

Hetebølgjer, flaum, tørke, skogbrannar og tropiske syklonar skapte kaos, øydela kvardagen til millionar av menneske og førte med seg økonomiske tap på mange milliardar dollar, skriv organisasjonen.

WMO er ein del av FN. Generalsekretær António Guterres seier at rapporten syner ei verd på brestepunktet.