Smarte forslag for å kutta klimautslepp

6. klassingane ved Sagvåg skule har mange forslag til kva me kan gjera for å kutta klimautsleppa.

Ida Skaarhaug Mathisen (11)

– Me kan køyra meir buss og mindre bil og eta mindre raudt kjøt.

 

Ada Sofie Kvalnes Nøtland (11)

– Me kan dyrka meir mat sjølv, og eta meir mat som kjem frå Noreg. Og så kan me hogga mindre skog og ikkje hiva så mykje.

 

Theo Risnes Krebs (11)

– Me burde få fleire elbilar og elfly. Men det beste er om me kan gå meir enn å køyra bil.

 

Collin Peter Risnes (11)

– Me kan sykla og gå meir enn å køyra bil.

 

Ørjan Romfog Lundgren (11)

– Me treng ikkje kjøpa så mange ting, og så kan me gå til butikken i staden for å køyra.