Greta Thunberg protesterte mot flyselskapet SAS

Thunberg deltok måndag i ein klimaprotest saman med demonstrantar frå klimarørsla Fridays for Future. Dei demonstrerte utanfor SAS sitt hovudkontor i Frösundavik nord for Stockholm.

Greta Thunberg og demonstrantane heldt opp plakatar med skrifta «SAS, stopp grønvasking» og «unSAStainable». Demonstrantane meiner flyselskapet gir inntrykk av at dei er opptekne av klimaet, utan at det eigentleg er slik.

– SAS må slutta å lyga og villeia folket, seier Thunberg til det svenske nyheitsbyrået TT.