Skriv om ein helt, vinn fine premiar!

Bli med på skrivekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen !les.

Vel éi av desse oppgåvene:

– Skriv om ein superhelt: Kva vil du superhelten skal ordna opp i for å gjera verda betre?
– Skriv om ein ekte helt: Kvifor er det ein ekte helt?

Krav:

– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar.

Frist: 15. mars 2024

Vinn fine premiar

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar ut fleire bidrag som får t-skjorte og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader og bokpakke frå Foreningen !les. Beste klasse får 1.000 kroner og klassesett av Framtida Junior til ein verdi av 4000 kroner.

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior(a)gmail.com og les(a)foreningenles.no

Det går heilt fint at læraren sender inn samla for klassen.

Skriv «Skrivekonkurranse 2024» i emnefeltet. Hugs namn ditt og kva skule du går på.

Konkurransen er eit samarbeid mellom Framtida Junior og leseaksjonen Tid for ti i regi av Foreningen !les. På tidforti.no kan du lesa utdrag frå fleire bøker.