Marcus og Martinus vann svensk Melodi Grand Prix

Tvillingane blei historiske.

Brørne frå Noreg deltok i finalen i Melodi Grand Prix i Sverige på laurdag. Marcus og Martinus vann songkonkurransen med låta «Unforgettable».

– Vi er slitne, vi har jobba så utruleg hardt, så at det gjekk heile vegen, vi er så utruleg glade for det, sa Marcus til NRK.

Deltakarar frå eit anna land for første gong

Sidan tvillingane vann den svenske finalen, skal dei konkurrere for Sverige i den internasjonale finalen. Det er første gong Sverige sender deltakarar frå eit anna land til den internasjonale finalen.

På engelsk blir konkurransen kalla Eurovision Song Contest. Finalen i år er i den svenske byen Malmö 11. mai.

Sjå låta som vann: